Hva skjer? » Stopp DLD-markering 10.april
Stopp DLD-markering 10.april
Laurdag 10.april vert det tverrpolitisk Stopp DLD-markering i Oslo. Målet er å synliggjere den store folkelege motstanden mot datalagringsdirektivet to dager før høyringfristen går ut.
Tid: Laurdag 10.april
Stad: Eidsvolls Plass (utanfor Stortinget)
Program:
Programmet er enno ikkje klart, så har du gode idear er det berre å ta kontakt med Lars-Henrik i Stopp DLD-styret. Kontaktinformasjon finn du her.
Dersom du som lese dette ikkje bur i Oslo, men har lyst å arrangere Stopp DLD-markering i di eiga kommune, vil vi meir enn gjerne hjelpe til så godt vi kan. Ingenting ville vore betre enn om det vart markeringar mot DLD landet rundt laurdag 10.april.