Laurdag 10.april vert det tverrpolitisk Stopp DLD-markering i Oslo. Målet er å synliggjere den store folkelege motstanden mot datalagringsdirektivet to dager før høyringfristen går ut.
Tid: Laurdag 10.april
Stad: Eidsvolls Plass (utanfor Stortinget)
Program
Programmet er enno ikkje klart, så har du gode idear er det berre å ta kontakt med leiar i Stopp Datalagringsdirektivet, Lars-Henrik Paarup Michelsen. Kontaktinformasjon finn du her.
Dersom du som lese dette ikkje bur i Oslo, men har lyst å arrangere Stopp DLD-markering i di eiga kommune, vil vi meir enn gjerne hjelpe til så godt vi kan. Ingenting ville vore betre enn om det vart markeringar mot DLD landet rundt laurdag 10.april.
Tags: 10.april, Bergen, demonstrasjon, DLD, Oslo

